Hopp til innhold
X
Innhald

Bakeri i Sørbøvåg

Hamna på Sørbøvåg kring midten av 1950-talet. I framgrunnen er huset til Bjarne Nordbø der Johannes Nordbø dreiv bakeri nokre år tidlegare. (Foto © Fylkesarkivet) Johannes Nordbø starta i 1911 bakeri i Sørbøvåg, først i leigde lokale, men frå 1914 i eige hus. Bakeriet vart lagt ned kring 1950.
På kaia i Sørbøvåg overtok han under krigen ein butikk som Johannes Hatlem hadde starta kring 1905. Butikken har sidan vore i same slekta si eige, og i 2002 er det fjerde generasjon Nordbø som driv den som Rimi-butikk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 05.05.2007