Baptistprestane frå Øn
Tilsaman åtte i ein syskenflokk på ti frå garden Øn vart aktive og framståande medlemer av frikyrkjesamfunnet baptistane både i Skandinavia og USA frå 1900 og utover.
Pastor Jacob A. Øhrn (1863-1950) var mangeårig visepresident i baptistane sin verdsallianse frå skipinga i 1905 og utover. (Øhrn er ei amerikansk omskriving av familienamnet Øn).
Elles vart broren Gjert Øn (fødd 1851) baptistprest i Kristiansand, Mons (fødd 1856) vart først prest i Stockholm før han flytta til Rjukan. Anfind (fødd 1861) vart også baptistprest i Sverige og Andreas (1866-1925) flytta tilliks med broren Jacob til USA og vart prest der.
Eldstesystera Georgnille (fødd 1849) vart gift inn i ein familie som stod sentralt i baptismiljøet i Bergen, og systera Anne (fødd 1854) reiste saman med mannen sin som misjonærar til Sør-Afrika.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 14.10.2008