Hopp til innhold
X
Innhald

Bø kyrkje

bø kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

bø kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bø kyrkje ved Leirvik vart bygd i 1868. Arkitekt var J.W. Nordan og byggmeister John Alver. Altartavla er måla av pastor Joh. Christensen og er ein kopi av Tidemands "Kristi opstandelse". Liknande kopiar av same motiv finn vi m.a. i Lavik kyrkje og i kyrkja i Måløy. To trearma altarlysestakar og ein stor lysestake i bronse er alle frå ca. 1600. Ei gamal kyrkjedør frå 1594 og ei gamal kyrkjeklokke er teke vare på i kyrkja på Bø. Bø kyrkje høyrde under presten i Eivindvik heilt til Lavik vart skipa som eige prestegjeld i 1807. I 1861 vart Hyllestad prestegjeld skipa ved at Bø sokn vart skilt ut frå Lavik, og Hyllestad og Øn sokn vart skilde ut frå Askvoll. Samstundes vart Hyllestad eigen kommune.

Bø kyrkje i 1920, truleg i samband med ei gravferd. Ukjend fotograf. Eigar: Gerda Handal Førsund/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bø kyrkje i 1920, truleg i samband med ei gravferd. Ukjend fotograf. Eigar: Gerda Handal Førsund/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Tidlegare kyrkjer

Bø har vore rekna som ein storgard i gamal tid, og einskilde historikarar ser ikkje bort frå at hovudsetet til den mektige Losnaætta kan ha lege på den grøderike garden vest for Bøfjorden. På Bø har det lege kyrkjer heilt frå tidleg mellomalder. Første gongen ei kyrkje er nemnd er i 1340. Truleg var dette ei stavkyrkje. Presten på Bø måtte på den tida også gjere teneste i ei lita kyrkje som låg på Kyrkjøy like ved Rutledal på sørsida av Sognefjorden. Den første kyrkja på Bø vart truleg riven og bytt ut med ei lafta tømmerkyrkje. Denne kyrkja hadde innskrifter i glaset i vindauga og vert omtala som ei kyrkje som likna mykje på Hestad kapell i Gaular (sjå dette) både i storleik og utforming. Ein relikviekross frå ca. 1500 og eit gamalt dåpsfat frå tidlegare kyrkjer som har stått på Bø, er tekne vare på i Bergen Muséum.

Segna om kyrkjetømmeret

Ei segn fortel at då den første kyrkja skulle byggjast i denne delen av Sogn, var det planen at kyrka skulle reisast ved Rutle på sørsida av Sognefjorden, der det no heiter Kyrkjøy. Men høgare makter ville det nok annleis, seier segna: Stormen tok kyrkjetømmeret som låg på flót nede ved stranda og let det drive over Sognefjorden, der det landa på Bø. Slike sterke teikn kunne ikkje overtruiske mellomaldermenneske krosse, og difor vart kyrkja reist på Bø. Dette er ein type vandrehistorie som knyter seg til ei mengd kyrkjer, også her i Sogn og Fjordane. Både kyrkja i Kalvåg og kyrkja i Selje skal ha vorte bygde av slikt rekande tømmer som ”sterkare krefter” har flytta på.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.11.2009