Hopp til innhold
X
Innhald

Carl Lihme Burggaff

Carl Lihme Burggaff (1821-1904) frå Hyllestad. Veterinær og første dyrlegen i Sogn og Fjordane. Fødd på garden Myklebust som han i 1864 selde til kommunen som ny prestegard, og sjølv flytta han til Leirvik. Utdanna agronom ved Vestrheim landbruksskule i Sogndal i 1849.

Saman med Gabriel Hofgaard fekk han i 1852 fylkesstipend for å utdanne seg som veterinær i København, og tok eksamen i 1856. Tilsett som den første veterinæren i Sønd- og Nordfjords Fogderie frå 1856, og frå 1864, då Hofgaard slutta i Sogn, som dyrlege for heile fylket.

I 1870 var Burggraff sagt opp frå stillinga fordi bøndene var misnøgde med veterinæren sin innsats mot den plagsame saueskabben.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2010