Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på sjøen i Hyllestad

Folk er samla på dampskipskaia på Hyllestad ein dag på 1920-talet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Folk er samla på dampskipskaia på Hyllestad ein dag på 1920-talet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

15 stoppestader

I Hyllestad kommune har Fylkesbaatane hatt 15 stoppestader fram gjennom tida, og alt frå starten i 1858 tok Fylkesbatane med eit par stader i Hyllestad som stoppestader for dampskipsrutene sine.

Bråstad

på austsida av Bøfjorden vart stoppestad alt på den første Sogneruta til Fylkesbaatane i 1858. Herifrå kunne folk fraktast inn til Leirvik. Dette var tungvint, og i 1868 kravde kommunestyret at dampskipa skulle gå inn til Leirvik (sjå Johan Henrik Frantzen Wolff).

DS ”Stavenes” ved kai på Eide i 1955. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

DS ”Stavenes” ved kai på Eide i 1955. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Skivenes

ute ved kystleia kom med som stopp på dampskipsruta til Fjordane i 1859. I 1913 vart ekspedisjonen på Skivenes flytta til Bånes, som hadde rutestopp til 1920-talet.

Kaia i Sørbøvåg i 1932. © Fylkesarkivet.

Kaia i Sørbøvåg i 1932. © Fylkesarkivet.

Sørbøvåg

fekk rutestopp av Fylkesbaatane nokre år før 1871, då bygda fekk eige postopneri.

Storakersundet

fekk stjernestopp i 1877.

Lifjorden

Lifjorden

fekk rutestopp i 1882 – først i Risnesstraumen, seinare i Listraumen.

Hyllestad

Kommunesenteret Hyllestad fekk Fylkesbaat-ruter i 1871. Bygda hadde anløp heilt til 1964.

Salbu

fekk stjernestopp i 1905 og fast stopp frå 1912 (sjå bilete øvst på sida - og Andreas Gjertsen).

Brensdal

Brensdal

fekk stjernestopp i 1906.

Lokal båtrute

vart starta mellom Eivindvik i Gulen og Askvoll i 1930. På denne ruta vart Eide stoppestad.

Lokalt reiarlag dreiv rutetrafikk

Aksel Mathias Hatlem og Kristoffer Salbu starta i 1934 eit lite reiarlag som dreiv fraktebåtar og rutetrafikk m.a. til Bergen.

Bitter strid om Rysjedalsvika

Kaia og ferjeleiet i Rysjedalsvika vart opna i 1966 etter langvarig og bitter strid.

Ekspressbåtane

har hatt anløp av Rysjedalsvika sidan rutene starta i 1971.

Tre ekspressbåtar brukar kaia i Rysjedalsvika på skift. Her møtest to av dei, ”Fjordtroll” er på veg vidare, medan ”Solundir” er på veg til kai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tre ekspressbåtar brukar kaia i Rysjedalsvika på skift. Her møtest to av dei, ”Fjordtroll” er på veg vidare, medan ”Solundir” er på veg til kai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011