Hopp til innhold
X
Innhald

Finn Borgen Førsund

Foto: Asle Veien, NRK.

Foto: Asle Veien, NRK.

Finn Borgen Førsund fødd 1946 i Leirvik. Historikar og forfattar.

Cand. phil. 1975. Har arbeidd som lektor og rektor ved Hyllestad ungdomskule og forskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, der han m.a. skreiv fire bøker om kysthistorie i Sogn og Fjordane.

Som bygdebokforfattar har han skrive bygdebøkene for Førde og vore medredaktør for bygdebøkene i Hyllestad. Han har elles m.a. skrive historiebøker om Firda Billag, Firdakraft, branntrygdelaga i Sogn og Fjordane/Gjensidige, Løland Verft, Førde Sementvarefabrikk og sparebanken i Jølster (dei to siste på Selja forlag).

Førsund var nestleiar i Norsk Historieforening 1989-1990. Han var leiar i Hyllestad Sogelag og redaktør for historieskriftet på 1970- og 1980-talet. Leiar av Hyllestad Arbeidarparti 1979-1983 og medlem av kommunestyre og formannskap 1980-1984 og varaordførar 1980-1981.

Tildelt Kvernsteinsprisen 2012 frå Hyllestad kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2013