Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Wolff

Johan Henrik Frantzen Wolff kom frå Manger og starta i 1873 landhandel i Leirvik.

Johan Henrik Frantzen Wolff kom frå Manger og starta i 1873 landhandel i Leirvik.

Wolff overtok etter Knut Kraft Holck. Wolff bygde også det store Wolffs Pensjonat og var post- og telegrafstyrar. Han var ordførar i 17 år. Sonen Knut J. Wolff overtok garden, dampskipsekspedisjonen, post, telefon, skysstasjonen og pensjonatet. Ein annan son, Johan Martin Wolff overtok landhandelen. I 1943 kjøpte han handelsstaden etter broren Knut Wolff. Handelen vart seinare overteken av Johans dotter Ingeborg og svigersonen Trygve Systad. Dei dreiv også bakeri. Denne forretninga hadde eige slakteri med produksjon av spekemat og pølser. Den handla også jordbruksprodukt frå bøndene, m.a. smør frå Bøfjord Smørlag.

I 1960 vart det bygt nytt forretningsbygg. Dale Samyrkelag hadde ei tid på 1980-talet filial i den gamle «Systad-butikken». I 1980 måtte det eldste forretningsbygget vike for utviding av riksvegen.

I tredje generasjon Wolff kom også Knuts Wolffs søner Erling, Carl og Knut jr.: Erling Wolff overtok Wolffs Pensjonat, post, telefon og dreiv drosje. Wolffs Pensjonat måtte vike plassen då det nye Leirvik Senter vart bygd i 1986.

Carl Wolff vart dampskipsekspeditør og dreiv lastebil og drosje, og stod også ansvarleg for bygging av den store kai- og ferjeteminalen i Rysjedalsvika tidleg på 1960-talet (sjå Bitter strid om Rysjedalsvika). Knut Wolff jr. starta som radio- og sykkelforhandlar på 1930-talet, men bygde seinare sagbruk og byggjevareforretning; Knut Wolff AS. Knut og kona Marta dreiv også landhandel fram til 1984. Ørn Kristiansen overtok denne og dreiv «Ørnebua» nokre år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2008