Hopp til innhold
X
Innhald

Halshogging for utukt

Legermål (samleie) utanom ekteskapet vart straffa strengt. Ein kar på garden Eide ved Espedalsvatnet måtte sist på 1600-talet gå frå gard og grunn etter å ha «besovet» tre kvinner i tur og orden. Kvinnene fekk også sitt etter slike eventyr: I 1731 vart ei kvinne frå Dalsbygda forvist til eit fiskevær i Nord-Norge etter lægermål med syskenbarnet sitt.

Kvinne vart avretta

Den same lagnaden fekk ei anna kvinne frå Dalsbygda etter å ha fått barn utom ekteskap med syskenbarnet sitt. Jenta som heitte Maritte, kom heim att frå Nord-Norge, men fekk på nytt barn utan å vere gift. Denne gongen skulda ho sorenskrivaren i Ytre Sogn for farskapet, men no vart Maritte avretta. Skrivaren svor og blånekta på farskapet, og slapp unna straff.

Mann vart halshoggen

I 1735 vart Jakob Andersson Einevollen halshoggen fordi han hadde hatt lægermål med tre kvinner. Etter den siste akta rømde både han og jenta, men vart tekne, og Jakob måtte bøte med hovudet.

Ole Endreson Haukåsen frå Leirvik vart kring 1750 avretta etter at han hadde stole pengar frå ein granne og deretter sett eld på stova hans. Ole vart også dømd skuldig i legermål med ei jente i same slengen, og for alt dette vart han halshoggen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.11.2008