Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Chr. Fredrik Lange

Den første Langebrua i Førde (med namn etter Hans Chr. Fredrik Lange) vart øydelagd av flaum i 1922 og vart erstatta av ei stålbru som også vart kalla Langebrua. Dette namnet har også dagens bru på staden. Foto: Olai Fauske. © Sunnfjord Museum/Fylkesarkivet.

Hans Christian Fredrik Lange (1810-1887) frå København, busett i Førde og på Salbuøyra i Hyllestad. Handelsmann i Førde. Første handelsmann på Skorpa i Førde (noverande område kring sparebanken).

Lange gjorde saman med lensmann Johannes Falch opptaket til bygging av første brua over Jølstra i 1836. Denne brua har sidan vorte kalla Langebrua. Lange kjøpte fleire gardar i Fjaler, Gaular og Askvoll, og busette seg som handelsmann på Salbuøyra, der han døydde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 19.11.2010