Hopp til innhold
X
Innhald

Hjalmar Brensdal

Hjalmar Brensdal (1925–1943) frå Brensdal. Fiskar.

Hjalmar Brensdal (1925–1943) frå Brensdal. Fiskar.

Saman med broren Arthur Brensdal kom han på mystisk vis vekk då dei den 24. februar 1943 hadde planar om å rømme til England, men fekk i oppdrag å skysse ein tysk soldat og ei gift norsk kvinne frå Korssund og til ein stad i Førdefjorden. Den deserterande tyskaren og kvinna dukka seinare opp i Sverige. I 1976 vart vraket av båten til Brensdals-brørne - «Brenning» - funnen på grunt vatn ved Gjøringbøvika nær Vevring.

Sjå elles under Naustdal kommune om ”Brenning”-mysteriet og Brensdals-brørne.

Motorbåten ”Brenning” med tyske offiserar om bord. Det er truleg Hjalmar Brendsdal som står til høgre. Den 24. februar 1943 gjekk båten frå Korssund, i 1976 vart restar av båten funne på Gjøringebøvika i Førdefjorden. Brørne Arthur og Hjalmar Brendsdal har ingen sett meir til. Fotoet er utlånt av Eivind Fossheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 22.11.2011