Hopp til innhold
X
Innhald

Hovudsetet for Losnaslekta i Hyllestad?

Losnaættga kan ha hatt hovudsetet sitt på Bø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Losnaættga kan ha hatt hovudsetet sitt på Bø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hadde ei av dei mektigaste adelsætter i mellomalderen «Losnaætta» hovudsetet sitt på Bø i Hyllestad, og ikkje på Losna i Solund? Nyare forsking tyder på det, for store delar av noverande Hyllestad var i mellomalderen eigd av Losnaætta.

Ein annan teori går ut på at det var gardane Eide, Hellem og Hovland i Hyllestad som var hovudbøle for Losnaætta. Losnaætta hadde truleg hamn for skipa sine i Lifjorden. (Sjå Solund kommune.)

Ein stor del av jordgodset som Losnaætta eigde, kom i 1658 i hendene på lagmann Hans Hansen i Bergen, som seinare m.a. selde til Knagenhjelm-familien på Kaupanger.

Les også:

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018