Hopp til innhold
X
Innhald

Hyllestad kyrkje

Hyllestad kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyllestad kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyllestad kyrkje vart bygd i 1880. Arkitekt var H. Nissen og byggmeister John Alvær. Altartavla av Maren Sverdrup er frå 1902. Altarlysestakar er frå mellomalderen og døypefonten frå 1200-talet er av hoggen i kleberstein. Dåpsfatet er frå før 1700. Ei katekismetavle med bibeltekstar er frå 1600-talet. Anna inventar er frå byggjeåret eller seinare. Fram til Hyllestad vart eige prestegjeld og kommune i 1861, høyrde kyrkjene i Hyllestad og Øn under soknepresten i Askvoll.

Mellomalderkyrkje i Hyllestad

Den første kyrkja i Hyllestad låg truleg i utmarka på Breibøen, og er nemnd i 1322. Steintufta til ei seinare kyrkje som stod frå 1600-talet til 1880, kan ein framleis sjå om lag ein kilometer frå noverande kyrkje. På kyrkjegarden der finn ein fire steinkrossar frå tidleg mellomalder.

På likstrå i nisselue

Det var gamal skikk i bygdene i Hyllestad at menn vart kledde i raud "nisselue" når dei døydde og låg på likstrå. Huva vart på folkemunne kalla "raudhuve". Husmann Ole Rasmusson Sørefjorden skal vere den siste som vart gravlagd i raud nisselue då han døydde i 1894.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011