Hopp til innhold
X
Innhald

Hyllestad på biljard-toppen

I Hyllestad finn vi eitt av dei sterkaste biljardmiljøa i landet, og spelarar frå klubben har hausta edelt metall både i nasjonale og internasjonale tevlingar.

Biljardinteressa vakna tidleg på 1990-talet, og frå 1992 vart biljardgruppa ei undergruppe av Sørbøvåg Ungdomslag. I 1995 melde gruppa seg inn i Hyllestad Idrettslag, vart medlem i Norges Biljardforbund og har sidan m.a. delteke i Norges-cupen.

Fleire spelarar har oppnådd individuelle topplasseringar: Rudi Wolff fekk sølv i junior-NM 1998, og han og Rune Giil var på juniorlandslaget 1998-1999.

I 2001 kom Iselin Herland, Asgeir Skivenes og Tommy Wolff med på landslaget, slik at halve landslaget i aldersbestemte klassar kom frå Hyllestad!

Under EM i Slovakia i 2001 tok Iselin Herland to bronsemedaljar. Asgeir Skivenes og Tommy Wolff var med på bronselaget i lagtevlinga i same meisterskapen, og i NM 2006 tok Tommy Wolff bronse. I junior-EM i 2010 tok Steffen Wolff ein sølv- og to bronsemedaljar.

Junior-NM i biljard vart arrangert i Hyllestad våren 2002.

Biljardklubben har lokale i det nedlagde samyrkelagsbygget i Sørbøvåg.

Det tidlegare samyrkelagsbygget i Sørbøvåg er blitt klubblokale for Hyllestad Biljardklubb. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare samyrkelagsbygget i Sørbøvåg er blitt klubblokale for Hyllestad Biljardklubb. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018