Hopp til innhold
X
Innhald

Hyllestad Privatbank

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Leirvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Leirvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyllestad Privatbank A/S vart starta i 1907 i Hyllestad etter opptak frå Hyllestad kommune.
Poststyrar og bonde Olai Haugland var den første bankdirektøren. I 1928 vart banken skipa om til Hyllestad Sparebank. Banken heldt til i leigde lokale fram til 1986, då vart det bygd eige bygg ved sida av kommunehuset.

Inn i Sunnfjord Sparebank

I 1975 gjekk Hyllestad Sparebank inn i nyskipa Sunnfjord Sparebank. Hyllestadkontoret vart flytta til Leirvik i 2001. Ingeborg Wolff vart tilsett som den første kvinnelege banksjef i fylket i 1985. Frå 1988 er avdelinga ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.11.2009