Hopp til innhold
X
Innhald

Industrigründeren Andreas Gjertsen på Salbu

Nokre av bygningane etter verksemda til Gjertsen på Salbu. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nokre av bygningane etter verksemda til Gjertsen på Salbu. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Industrigründeren Andreas Gjertsen er ein av dei mest allsidige industribyggjarane i heile Sogn og Fjordane. Berre Industrigründeren Johan Jensen|Johan Jenssen i Holmedal kan vise til tilsvarande mangfald.

Kaia på Salbu med sagbruket til Andreas Gjertsen ca. 1910. Ved kaia ligg DS ”Gula”.  Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kaia på Salbu med sagbruket til Andreas Gjertsen ca. 1910. Ved kaia ligg DS ”Gula”. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Gjertsen grunnla eit heilt lite industrisamfunn på Salbu kring 1920. Gjertsen dreiv sagbruk, høvleri, trelastforretning, tønneproduksjon, såpefabrikk, ullvarefabrikk, fargeri og saftfabrikk. Han dreiv også det lokale brevhuset.

Første kraftverket og første bilen

I 1909 bygde Gjertsen det første kraftverket i kommunen ved Salbuelva. Han kjøpte den første bilen i bygda 1924, og fekk også tid til å vere ordførar.

Arbeidarar ved trevarefabrikken til Gjertsen i 1915. Framme frå venstre Annanias Lending, Ingolf Johannesen, Oliver Øen, Petter Hansen, Ole Risløv, Arne Lien og Jakob Ulvik. Bak frå venstre Konrad Nilsen, Andreas Gjertsen, Daniel Johannesen, Karl Hatløy, Kristian Salbu og Søren Risløv. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Stor entreprenør i Svelgen

Då industristaden Svelgen vart bygd opp frå 1917 og utover, starta Gjertsen pre-fabrikasjon av bustadhus som han leverte som byggjesett til Svelgen.

Tømmeret kjøpte Gjertsen i Trøndelag og indre Sogn, og nytta skøytene «Anna» og «Aslaug» til å frakte bygningsdelane til Svelgen. Dottera Aslaug arbeidde ei tid på avdelingskontor i Svelgen der ho administrerte det store oppdraget. Gjertsen dreiv med bustadbygging i Svelgen til langt fram på 1930-talet.

Smoltanlegg

Etter at Gjertsen-familien la ned drifta på kaia i Salbu, leigde Gustav Ulvik området og dreiv i mange år smoltoppdrett.

Smoltanlegget på området der Gjertsen dreiv industri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Smoltanlegget på området der Gjertsen dreiv industri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 27.09.2010