Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Karlsen

Ivar Karlsen (1861-1930) frå Skivenesvågen. Fiskehandlar.

Ivar Karlsen (1861-1930) frå Skivenesvågen. Fiskehandlar.

Karlsen bygde først sjøbu i Skivenesvågen, flytta deretter til Værlandet og starta fiskemottak der, samstundes som han rodde posten til Bulandet. Då sildefisket svikta, starta Karlsen eksport av hyse til Storbritannia, og er truleg den første i landet som dreiv eksport av dette fiskeslaget.

Flytta seinare til Kalvåg og bygde trandamperi. Det vert sagt at han der tente 55.000 kroner berre på ein sesong – ein enorm pengesum i tida kring andre verdskrig.

Ivar Karlsen var sjølv funksjonshemma og skipa fond for handikappa born i Hyllestad.

Bror til Gerhard Skivenesvåg - sjå Sildefiske med landnot.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2010