Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Tveit

Ivar Tveit (1880-1952) frå Bøfjorden, busett i Leikanger. Lærar, avisutgjevar og redaktør.

Ivar Tveit (1880-1952) frå Bøfjorden, busett i Leikanger. Lærar, avisutgjevar og redaktør.

Utdanna lærar. Han var redaktør i avisa «Velgeren» på Gjøvik før han ca. 1925 vart første redaktøren i Sogns Avis i Vik.

Tveit starta sjølv i 1932 avisa Sogn på Leikanger. Frå 1936 vart denne avisa kalla Sogn og Fjordane.

Tveit måtte rømme til Sverige under andre verdskrigen, men kom tilbake til Leikanger og styrde avisa til 1947, då Einar Svartefoss tok over som redaktør og aviseigar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.09.2010