Hopp til innhold
X
Innhald

Jacob A. Øhrn

Jacob A. Øhrn (1863-1950) frå Sørbøvåg, busett i USA og Oslo. Babtistprest og kyrkjeleiar.

Fødd på garden Øn, men endra etternamnet til Øhrn då han flytta til USA, der han vart pastor i babtistkyrkja. Ved skipinga av babtistane sin verdsallianse i 1905 vart Øhrn vald til visepresident, eit verv han hadde i mange år. Han flytta i 1898 til Oslo, der han vart lærar ved babtisane sin misjonsskule.

Sonen dr. Arnold T. Øhrn var generalsekretær i den babtistiske verdsalliansen frå 1948 til 1960.

Jacob var ein av tilsaman fem brør som vart babtistprestar. Les meir om denne familien i artikkelen Baptistprestane frå Øn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 05.03.2008