Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Henrik Frantzen Wolff

Johan Henrik Frantzen Wolff (1826-1904) frå Manger, busett i Leirvik, der han overtok garden Leirvik i 1855.

Johan Henrik Frantzen Wolff (1826-1904) frå Manger, busett i Leirvik, der han overtok garden Leirvik i 1855.

Wolff overtok garden etter Knud Kraft Holck. Han overtok også Holck-familien sin rett til å drive gjestgiveri, og var skysskaffar.

Wolff starta landhandel i 1873 og bygde det store Wolffs Pensjonat. Han var dampskipsekspeditør, telefonstyrar og postopnar.

Wolff var ordførar i Hyllestad i 27 år frå 1866 til 1893.

Far til Knut Wolff.

Wolffs Pensjonat, bygt av Johan Henrik Frantzen Wolff. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Wolffs Pensjonat, bygt av Johan Henrik Frantzen Wolff. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2010