Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Nordbø

Butikken og bensinstasjonen på kaia i Sørbøvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Butikken og bensinstasjonen på kaia i Sørbøvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johannes Nordbø og kona Borghild f. Gjerde ca. 1910. Foto: Jacobsen. © Fylkesarkivet.

Johannes Nordbø og kona Borghild f. Gjerde ca. 1910. Foto: Jacobsen. © Fylkesarkivet.

Johannes Nordbø starta i 1911 bakeri i Sørbøvåg, først i leigde lokale inne i bukta, men frå 1913 i eige hus. Bakeriet vart lagt ned kring 1950.

På kaia i Sørbøvåg overtok han i 1943 ein butikk som Johannes Hatlem hadde starta der kring 1900. Sonen Kristoffer Nordbø kom med i forretninga like etter krigen og tok seinare over som eigar av butiken. Kristoffer sin son, John Nordbø, tok seinare over og utvida mykje, og som fjerde generasjon i slekta driv John sin son, Roar Nordbø, forretninga i dag.

Nordbø har i dei siste åra vore tilslutta Rimi, deretter ICA og i dag Bunnpris-kjeda. Forretninga er den einaste som er att i denne delen av kommunen, og har også post i butikk og eigen bensinstasjon.

Bakeriet og brødbutikken som Nordbø bygde i 1913.

Bakeriet og brødbutikken som Nordbø bygde i 1913.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.09.2010