Hopp til innhold
X
Innhald

Jonas Løland

Jonas Løland.

Jonas Løland.

Jonas Løland (1877-1960) frå Løland. Smed og grunnleggjar av Løland Motorverkstad i Leirvik. Sjå Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.


Jonas Løland arbeidde som ung m.a. på anlegg på Rjukan og i Årdal. Han kjøpte saman med Lasse Ness ein eigedom ved fossen i Bøelva og starta smedverkstad. Ei tid dreiv dei også tønneproduksjon.

Starta med trillebårer

Frå 1918 dreiv Jonas åleine, og produserte m.a. trillebårer og turbinar til småkraftverk. I 1918 bygde Løland slipp og starta vedlikehald av fiskebåtar og reparasjon av motorar. I åra kring andre verdskrig var vassturbinar og utstyr til småkraftverk det viktigaste produktet. Første båten - Loftesnesferja på 15 meter - vart bygd i 1938. Seinare utvikla verksemda seg til eit reint skipsverft.

Største arbeidsplassen i ytre Sogn

Løland Verft vart den den største arbeidsplassen i Sogn vest for Høyanger. Etter konkurs og ein mellomperiode som Kleven-Løland, fekk verftet i 2001 namnet Havyard Leirvik.

Familieverksemd

Jonas Løland sine søner Anton (1903-1976), Nils (1904-1979), Harald (1905-1927), Johannes (1907-1939), August (1912-1997) og Magnus (1919-1994) arbeidde alle ved verksemda. Sjølv arbeidde Jonas i verksemda til 1955. Jonas Løland vart tildelt Kongens fortenestemedalje i 1956.

I 1956 fekk Jonas Løland Kongens fortenestemedalje i sølv for livsverket sitt. Overrekkinga skjedde i stova heime hjå han og kona Gjøa. Til venstre Anton Løland, til høgre fylkesmann Nikolai Schei. Foto: Magnus Løland. © Fylkesarkivet.

I 1956 fekk Jonas Løland Kongens fortenestemedalje i sølv for livsverket sitt. Overrekkinga skjedde i stova heime hjå han og kona Gjøa. Til venstre Anton Løland, til høgre fylkesmann Nikolai Schei. Foto: Magnus Løland. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.11.2011