Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Wolff

Knut J. Wolff saman med kona Emma og eldste sonen Erling i 1910. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Knut J. Wolff saman med kona Emma og eldste sonen Erling i 1910. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Knut Wolff (1860-1940) frå Leirvik. Handelsmann, bonde og Høgre-politikar. Han var m.a. dampskipsekspeditør, postopnar og direktør i Hyllestad Sparebank.

Vararepresentant til Stortinget 1903-1906. Son til Johan Henrik Frantzen Wolff.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2010