Hopp til innhold
X
Innhald

Kolbein E. Kolgrov

Kolbein E. Kolgrov (1867-1961) frå Kolgrov. Bonde, politikar og målreisingsmann.

Han sat i kommunestyret i meir enn 30 år, 26 år i skulestyret og 20 år i jordstyret. Han var m.a. skulestyreformann og fekk innført nynorsk som skulemål i alle krinsar med unntak av Øen.

Kolgrov fekk også innført handarbeid i undervisninga, skipa arbeidsskular og gjennomført ny krinsinndeling. Tildelt Kongens fortenestemedalje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008