Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyninga i Hyllestad

Det første kraftverket i Hyllestad vart bygd ved Salbu-elva i 1909 av industribyggjaren og forretningsmannen Andreas Gjertsen.

På Storaker ved Storakersundet bygde brørne Andreas og Gabriel Storaker eit lite kraftverk i 1916 for å drive maskiner i eit større sagbruk og høvleri.

Jonas Løland bygde i 1928 det første kraftverket i Bøfossen ved Leirvik. Han brukte straumen i Løland Motorverkstad og leverte også straum til hus i Leirvik. (Sjå òg Hjørnesteinsverksemda Løland Verft) Elles vart det i åra frå 1927-1943 bygd kraftverk i Akseelva, Myklebustelva (prestegarden), Lifjorden (Nesje sagbruk), Sellevoldelva i Skifjorden, ved Foss i Bøvassdraget, på Eide og i Daleelva. Mange av småkraftverka var i drift lenge etter krigen.

L/L Svultingen

vart skipa i 1939.

L/L Hyllestad Kraftlag

L/L Hyllestad Kraftlag vart skipa i 1939, og bygde frå 1942 ut forsyningsnettet til heile kommunen i løpet av 1940- og 1950-åra.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011