Hopp til innhold
X
Innhald

Kvernsteinbygda

Kvernsteinsparken i Hyllestad. Foto: Ottar, Starheim, NRK.

Kvernsteinsparken i Hyllestad. Foto: Ottar, Starheim, NRK.

Ein spesiell steinart gjorde bygdene til Åfjorden til eit lite ”industrisamfunn” for tusen år sidan. Her vart det hogge ut tusenvis av kvernsteinar, og jamvel heilage krossar som no står på fleire stader på Vestlandet, stammar frå steinhoggeria i Hyllestad. I fjellgrunnen kring Åfjorden finst det granatglimmerskifer. Dette er ein steinart med isprengde granatar og staurolittar. Dei isprengde steinkorna er spesielt harde og slitesterke. Desse bergartane finst det rikeleg av kring Rønset og Berge ved Åfjorden, og ved garden Myklebust. Den spesielle steinen la grunnlaget for ei av dei eldste industriverksemdene på Vestlandet: Kvernsteinsindustrien i Hyllestad. Liknande kvernsteinbrot fanst i Selbu, Sømna, Salvær, Sørreisa, Rana og Vågå. Den største produksjonen var i Selbu i Sør-Trøndelag.

I fjøra ved Rønset kan ein finne restar av kvernsteinar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I fjøra ved Rønset kan ein finne restar av kvernsteinar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinkrossen i Eivindvik

Steinbrota har truleg eksistert frå forhistorisk tid. Ein av dei store keltisk/angliske steinkrossane I Eivindvik (sjå Gulen kommune) frå ca. 900-1000 e. Kr. er hogge i glimmerskiferfelta i Hyllestad. Den andre steinkrossen i Eivindvik har også tydelege merke av å ha vore hoggen i eit kvernsteinbrot. Av dei 40 steinkrossane som ein har funne på Vestlandet, er 23 av bergarten frå Hyllestad. I 2008 avdekte arkeologar ein stor uthoggingsstad for steinkrossar. Der fann ein fleire øydelagde emne til slike krossar.

Fleire laster med kvernstein frå Hyllestad hamna på havbotnen etter forlis. Her blir ein kvernstein teken oppatt frå fjorden. Foto frå TV-reportasje.

Fleire laster med kvernstein frå Hyllestad hamna på havbotnen etter forlis. Her blir ein kvernstein teken oppatt frå fjorden. Foto frå TV-reportasje.

Gamal eksportnæring

Produksjonen i Hyllestad har vore størst til og med mellomalderen, som vert rekna fram til 1537. I berga kring Rønset er det hogge titusenvis av kvernsteinar som vart eksporterte heilt til Island, Tyskland og dei baltiske landa. Det vart også framstilt spesielle ljoresteinar av bergarten.

25 store steinbrot

Kvernsteinhogginga i Hyllestad var konsentrert til glimmerskiferberga i stranda på nordsida av Sørefjorden. Dette er ein våg eller liten sidearm til Åfjorden. Her ligg dei største kvernsteinbrota under gardane Rønset og Berge. Her kan ein framleis sjå store bergfelt der tusenvis av steinar er hogne ut. Nokre halvferdige emne for både handkverner og vassdrivne kverner heng framleis fast i berget, og store slagghaugar og vraka emne vitnar om stor aktivitet.

Kring Åfjorden er det registrert 25 store steinbrot innanfor eit område som strekkjer seg 20 kilometer. Det samanhengande feltet Gjære - Haugane er på 300 dekar.

Levande steintradisjon

Torbjørn Løland har ført vidare dei gamle kvernsteinstradisjonane med verksemda Åfjordstein AS ved å hogge handkverner, smykke og suvenirar av glimmerskifer.

I Kvernsteinparken kan ein sjå korleis kvernsteinane vart hogne ut av fjellet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Kvernsteinparken kan ein sjå korleis kvernsteinane vart hogne ut av fjellet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvernsteinpark

I 1995 starta kommunen "kvernsteinsprosjektet" som m.a. tok sikte på å sikre kvernsteinsbrota og byggje eit "kvernsteinpark" som skal fortelje om den særeigne og eldgamle industrien. Parken med namnet Norsk Kvernsteinsenter vart opna av det norske kongeparet kong Harald V og dronning Sonja under rundreisa deira i Sogn i 2002. I 2000 gav historikar og forfattar Johs. B. Thue (sjå Balestrand kommune) ut boka "Livets Steinar" (Skald Forlag) om kvernsteinindustrien i Hyllestad. Torbjørn Løland har ført vidare dei gamle kvernsteinstradisjonane med verksemda Åfjordstein AS ved å hogge handkverner, smykke o.l. suvenirar av granatglimmerskifer.

Nominert til verdsarvliste

I 2010 vart kvernsteinparken nominert til verdsarvlista til UNESCO over viktige kulturminne. Frå 2013 er Norsk Kvernsteinsenter ei avdeling av Musea i Sogn og Fjordane.

Senteret i Kvernsteinparken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Senteret i Kvernsteinparken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.07.2012