Hopp til innhold
X
Innhald

Laksefisket i Hyllestad

Laksefiske med kilenot og sitjenot var viktig binæring på mange gardsbruk. I Hyllestad var det sitjenot i Brensdal, i Sætevika vest for Nesje og i Rørneset ved Lireid.

Også på garden Ås ved Bøelva som renn ut i Leirvik var det sitjenot på 1600-talet. I 1867 var det Sætevika, Lireid og Smilla ved Åfjorden og Skivenesvågen som hadde størst laksefiske. I 1957 vart det registrert 83 kilenøter i kommunen. Av Sogne-kommunane var det då berre Solund som hadde fleire med 100 laksenøter.

Tre av dei som tok imot laks, var Henrik O. Porten ved Storakersundet, Gerhard Skivenesvåg i Skivenesvågen og Karl Hatløy på Salbu. Hatløy dreiv laksemottak frå 1909 til 1925. Porten eksporterte sjølv laksen til England.

Laksegilje ved Brensdal. Biletet er teke på slutten av 1930-talet. Foto: Georg Aas. © Fylkesarkivet.

Laksegilje ved Brensdal. Biletet er teke på slutten av 1930-talet. Foto: Georg Aas. © Fylkesarkivet.

Den største av desse laksane vog 26 kilo. Fangsten vart henta i Sætevik av båten til Ivar Hjartholm, ”Risnefjord”. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Den største av desse laksane vog 26 kilo. Fangsten vart henta i Sætevik av båten til Ivar Hjartholm, ”Risnefjord”. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.10.2010