Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Hyllestad

Landhandelen er ein samlingsstad i bygdene, og har også vore det på søndagane, sjølv om butikken er stengd. Her har karane i bygda samla seg utanfor krambua til Hans L. Systad på Hyllestad ein søndag.  Framme frå venstre Henrik Oppedal, Martin J. Berge, Johannes H. Kleive og Lars Akse.  Bak frå venstre Mathias Stigedal, Einar Råsberg, Magnus Nes, Hans H. Systad, Nils Grinde, Mons Løland og Hans L. Systad. Foto: Bjarne Råsberg. © Fylkesarkivet.

Otto O. Wiese

dreiv landhandel på garden Elva på Ytre Hatlem ved Sørefjorden frå 1849 til 1883.

Kristoffer Parelius

frå Lavik dreiv landhandel på Foss ved postvegen like nord for Leirvik frå 1853 til 1855. Også Bertel Mørck dreiv ein slags handelsverksemd på Foss på same tid.

Forretningsfamilien Wolff i Leirvik

Johan Henrik Frantzen Wolff kom frå Manger og starta i 1873 landhandel i Leirvik. I over 130 år har Wolff-familien prega handelen og utviklinga i Leirvik.

Systad-butikken i Leirvik

– sjå Forretningsfamilien Wolff i Leirvik.

Dale Samyrkelag filial i Leirvik

– sjå Forretningsfamilien Wolff i Leirvik.

Ørnebua i Leirvik

– sjå Forretningsfamilien Wolff i Leirvik.

Arne Sætre

starta i 1875 ein liten landhandel på garden Akse. Broren Johannes var butikkbetjent.

Elling Rognaldsson Sæle

frå Vik starta i 1879 landhandel i Hyllestad som han dreiv til 1894.

Ole Jakobsen

dreiv landhandel på Foss på 1880-talet.

J. Heggebø

dreiv handel på Heggebø ved Leirvik på 1880-talet.

Henrik Hoff

(1867-1924) starta i 1884 landhandel heime i Hovlandsvågen. Flytta seinare til Lavik og starta handel der, før han seinare drog til Ålesund, der han m.a. bygde opp ei større forretningsverksemd og dreiv med fiskebåtar.

Eivind Ivarson Heggebø

starta i 1884 landhandel i ei sjøbu på Indre Bø. Dottera Ingeborg tok over i 1926. Ho la ned handelen i 1930.

Andreas Eriksson Sandnæs

dreiv landhandel i Hyllestad frå 1887 til 1930.

Nikolai Hanson Ramsgrø

starta i 1888 handel i Hyllestad. Han hadde før det drive handel på Risnes, i Sagosen og i Korssund. I Hyllestad bygde han ei stor sjøbu som tidlegare hadde stått både i Bremanger, Bulandet og Korssund. Bua er no teken vare på av Kystmuseet.

Jon Hansson Gaugstad (1839-1920)

frå Os ved Bergen. Busett på Laberget frå 1890. Der bygde han i 1892 stor sjøbu for handel og sildesalting. Anlegget hadde 30 meter kai.

Østen Handal

starta landhandel på Risnes kring 1900. Dette var første butikken på Risnes. Butikken stod på ei kai som sidan har vorte kalla ” Østenbrygga”. Her vart det på 1950-talet bygt ei sjøbu, og ved sida av hadde notlaget på Risnes si eiga sjøbu.

Østenbrygga, der Østen Handal starta landhandel kring 1900. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Østenbrygga, der Østen Handal starta landhandel kring 1900. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Truls Madsson

dreiv kring 1900 landhandel på Atterås, men gjekk konkurs og flytta til Amerika.

Henrik O. Porten

(1872-1969) dreiv frå kring 1900 landhandel og laksemottak i Porten ved Storakersundet. Han handla også med slaktedyr som han selde til Bergen. Laksen selda han til Bergen og eksporterte også laks til England.

Nils Endreson Lekva

(1848-1931) dreiv kring 1900 landhandel på garden sin ved Lifjorden.

Arne Riisnæs

starta i 1907 landhandel i Lifjorden. I tillegg til vanlege daglegvarer, handla forretninga også med jernvarer og vegn til fiskebruk.

Ole Matiasson Bjørnestad

hadde først vore i Amerika, og starta i 1908 med landhandel og som urmakar på garden sin i Skifjorden.

O. M. Bjørnestad Eftf.

- sjå Ole Matiasson Bjørnestad.

Hans L. Systad

starta kring 1910 med landhandel i Hyllestad. Han dreiv også dampskipsekspedisjonen.

Hyllestad Matsenter AS

- sjå Hans L. Systad.

Johannes Nordbø

starta i 1911 bakeri i Sørbøvåg, seinare overtok han ein butikk som Johannes Hatlem hadde starta kring 1905.

Johannes Hatlem

landhandel i Sørbøvåg - sjå Johannes Nordbø.

Landhandelen på Løland i 1960. Borna framfor butikken er frå venstre Jon-Gunnar Løland, Gunvor Berge og Kåre Berge. Foto: Berthine Løland. © Fylkesarkivet.

Landhandelen på Løland i 1960. Borna framfor butikken er frå venstre Jon-Gunnar Løland, Gunvor Berge og Kåre Berge. Foto: Berthine Løland. © Fylkesarkivet.

Ingebrigt Næss

starta landhandel på Løland i 1912. Ingvald og Aslaug Hjellum overtok i 1947 og dreiv handel fram til 1972. Dei dreiv også bensinstasjon og telefonstasjonen og hadde forsikringsagentur.

Olaf A. Liland (i midten) framfor butikken sin, Øen Handelslag, i 1925. Til venstre Sara Liland og til høgre Arthur Liland. Foto: Martin Liland. © Fylkesarkivet.

Olaf A. Liland (i midten) framfor butikken sin, Øen Handelslag, i 1925. Til venstre Sara Liland og til høgre Arthur Liland. Foto: Martin Liland. © Fylkesarkivet.

Øens Handelslag AS

på Salbu vart skipa 1921, med Olaf A. Liland som styrar frå 1923 til 1935. Etter kvart kjøpte Andreas Gjertsen aksjane i laget, og dottera Aslaug Gjertsen var styrar ei tid. Butikken var i drift til 1960-talet.

Ingvald J. Hatlem

starta landhandel i Hyllestad i 1923. Han var samstundes gardbrukar og skomakar og dreiv seinare lastebiltransport.

I kjellaren i dette huset heldt landhandelen til Anders L. Systad til.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I kjellaren i dette huset heldt landhandelen til Anders L. Systad til.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anders L. Systad

starta landhandel på Nedre Foss i 1923. I 1936 bygde han kraftverk ved Fossfossen som også gav kraft til eit bakeri. Etter andre verdskrig dreiv Veberg og Erling Flaten bakeriet nokre år før det vart lagt ned.

Brørne Anders og Ragnvald Norstrand

starta landhandel i Åfjorddalen i 1924. Etter nokre år overtok Ingvald Espeland, deretter Lina Berge og etter andre verdskrig Harald Vårdal. Magne Espeland tok over frå 1957 og dreiv fram til 1999, då handelen vart lagt ned.

Landhandelen til Magne Espeland vart lagd ned i 1999.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Landhandelen til Magne Espeland vart lagd ned i 1999.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ø. A. Bruås

dreiv på 1930-talet landhandel og bakeri i kjellaren på ungdomshuset i Lerivik.

Ole B. Hatlem

starta i mellomkrigstida landhandel i Lifjorden, og dreiv seinare fiskematforretning og fiskebil.

Georg Åsmul

starta landhandel på Åfjordstranda i 1946. Butikken var i drift til 1978.

Forretningsbygget som Øen Samyrkelag bygde i 1977. No er det Hyllestad Biljardklubb som disponerer lokala. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Øen Samyrkelag bygde i 1977. No er det Hyllestad Biljardklubb som disponerer lokala. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Øen Samyrkelag

i Sørbøvåg vart skipa 1947. Det gjekk konkurs i 1995.

Leif O. Hatlem

daglegvarebutikk ved Risnesstraumen - sjå under Oppdrett og fiskeri i Hyllestad.

Dale Samyrkjelag

hadde frå 1980 til 1993 filial i Leirvik, der dei leigde lokale i Systad sin tidlegare butikk (sjå Forretningsfamilien Wolff i Leirvik).

Leirvik Senter

vart bygt i 1986 som felles handelssenter og kontor for fleire verksemder. Bygget er på 1800 kvadrat og rommar tre butikkar og to kontorverksemder.

Leirvik Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leirvik Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 01.11.2011