Hopp til innhold
X
Innhald

Leirvik Kro og Motell A/S

Leirvik Kro og Motell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leirvik Kro og Motell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leirvik Kro og Motell A/S vart skipa i 1986 av Laila Feten. Ho dreiv dei første åra ei kro I Leirvik Senter. I 1996 flytta verksemda inn i nybygg med kro og motell med 22 senger. Ei tid hadde Leirvik Kro og Motell matforsyninga til folk som budde på brakkeriggar ved Havyard Leirvik på Kjørneset.

I 2003 vart det bygt eige servicebygg ved kaia i Leirvik, og anlegget har fått gjestehamn for fritidsbåtar.

I 2013 vart aksjane i Leirvik Kro og Motell A/S overtekne av det islandske selskapet Avantgarde.

Leirvik Kro og Motell med gjestekaia. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leirvik Kro og Motell med gjestekaia. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2014