Hopp til innhold
X
Innhald

Leirvik og Bø

Postbilane klare til utkøyring i Leirvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Postbilane klare til utkøyring i Leirvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Om dei første postrutene gjennom desse bygdene: Les om desse i artiklane ”Postvegane” og ”Den trondhjemske Postvei Leirvik –Dale”.

Leirvik i Evenvig (Evenvig prestegjeld) vert nemnt som postopneri i 1787. Leervigen i Ytre Sogn vert først nemnt som postopneri i 1808 då kontoret fekk nytt kongesegl på stempelet. I 1836 vart det ved kgl. res. vedteke å organisere posttilknyting til hovudpostruta nord-sør for postopnarar i ”Ladevig”(Lavik), ”Leervig” (Leirvik) og Maaren (Måren). På desse tre stadane budde det på den tida offiserar.

I 1848 vart postadressa endra frå Leervig til Lervig, og i 1863 til Lervig i Sogn. Men i 1867 er adressa igjen Lervig. I 1889 vert namnet endra til Lervik, og i 1896 til Lervik i Sogn. I 1921 vart postadressa Leirvik i Sogn. Dette har vore adressa sidan.

Fram til 1890 låg postopneriet ved dampskipsanløpet på Bø-sida av Bøfjorden, og den første kjende postopnaren var E.C. Klokk (Blokk?) som er nemnd i 1833. Frå 1860 vart postopnarstillinga eit yrke som gjekk i arv i fleire generasjonar i den kjende handelsfamilien Wolff i Leirvik.

Postkontoret vart underpostkontor i 1973, og fekk postkontor C-status frå 1977. Kontoret vart lagd ned i 2001 og ein gjekk over til ordninga ”post i butikk”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.11.2009