Hopp til innhold
X
Innhald

L/L Svultingen

Kraftverket Nedre Svultingen er no ein del av Sunnfjord Energi. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kraftverket Nedre Svultingen er no ein del av Sunnfjord Energi. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det interkommunale kraftselskapet L/L Svultingen vart skipa i 1939. Den dominerande eigaren var Ytre Fjordane Kraftlag med over 50 prosent, og planen var at Svultingen skulle forsyne kommunane Lavik, Hyllestad, Solund, Fjaler, Gaular og eindel av Askvoll med elektrisk straum.
I 1941 fekk selskapet konsesjon til å regulere det etter måten store Nordstrandsvatnet med heile 30 meter. Kraftverket i Øvre Svultingen i Lavikdalen kom i drift same året fordi ein hadde tjuvstarta bygginga i von om at konsesjonen gjekk i orden. Den første tida var det YFK som tok det meste av krafta som vart ført på stamlina til YFK sin kraftstasjon ved Markevatn i Askvoll. Svultingen utvida etter kvart forsyningsområdet sitt til Indre Sunnfjord, og bygde kraftverk i Stakaldefossen i Jølstra i 1954. Kraftverket Nedre Svultingen i Bøfjordvassdraget vart bygd i 1964.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.10.2010