Hopp til innhold
X
Innhald

Lokalt reiarlag dreiv rutetrafikk

Kristoffer Salbu, her til høgre som mannskap om bord i MS ”Aslaug” i 1927, starta reiarlag saman med Aksel Hatlem i 1934. Dei to andre på biletet er Kåre Myklebust til venstre og Rikard Mulelid i midten. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kristoffer Salbu, her til høgre som mannskap om bord i MS ”Aslaug” i 1927, starta reiarlag saman med Aksel Hatlem i 1934. Dei to andre på biletet er Kåre Myklebust til venstre og Rikard Mulelid i midten. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Aksel Mathias Hatlem og Kristoffer Salbu starta i 1934 eit lite reiarlag som dreiv fraktebåtar og rutetrafikk m.a. til Bergen.
Reiarlaget hadde opptil 16 tilsette og var i drift til 1950. Det eigde først motorkutteren «Aafjord I» som gjekk i konkurrerande rute med Fylkesbaatane mellom Vadheim og Bergen og Eide og Bergen. I laksesesongen korresponderte dei med Englands-båten som tok med fersk laks over Nordsjøen. I 1940 kjøpte reiarlaget båten «Rapid», og fekk med opptil 44 personar i heimbygdene som aksjonærar i reiarlaget «Rapid». Skipet forliste i Møgsterfjorden i november 1943. I 1945 kjøpte reiarlaget båten «Activ». Den var på 650 dw.tonn og vart sett i fart på Nordsjøen og Austersjøen, og jamvel ein tur til Italia. «Activ» vart i 1947 bytt ut med «Kristianborg» i 1947. Men det nye båtkjøpet kosta så dyrt at det vesle reiarlaget måtte avvikle og selje i 1950.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2010