Hopp til innhold
X
Innhald

Magnus Løland

Magnus Løland var m.a. ein habil skyttar, og her har han sikra seg ein pokal. © Fylkesarkivet.

Magnus Løland var m.a. ein habil skyttar, og her har han sikra seg ein pokal. © Fylkesarkivet.

Magnus Løland (1919-1994) frå Leirvik. Medeigar og dagleg leiar av familieverksemda Løland Verft. (Sjå Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.)

Løland starta karrieren saman med brørne i verkstaden til faren Jonas Løland. Magnus Løland var medlem av kommunestyre og fylkesskattestyre, sat i Bransjerådet for småskips- og båtbyggeriene og var domsmann for teknisk voldgiftsrett på Vestlandet. Han var aktiv i song- og musikklag, og i mange år ei drivande kraft i Hyllestad Trekkspelklubb.

Løland vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1987.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.09.2010