Hopp til innhold
X
Innhald

Nesje fort

Kart over nedre leir på Nesje fort.  Frå boka ”Fronten er kysten!”

Kart over nedre leir på Nesje fort. Frå boka ”Fronten er kysten!”

Tidleg i andre verdskrig bygde tyskarane eitt av dei største festningsverka på Vestlandskysten: Nesje fort, eller «Sognefjord», som tyskarane kalla det. Fortet ligg vest for Rysjedalsvika. Saman med dei store anlegga med torpedobatteri på Rutletangane på sørsida (sjå Gulen kommune) skulle fortet vakte innløpet til Sognefjorden. Tyskarane hadde hastverk med å forsvare innløpet til Sognefjorden, for alt hausten 1940 vart tre kanonar frå det norske panserskipet «Tordenskjold» rigga til på Nesje. «Tordenskjold» var bygd i 1897, og det gamle skipet låg i opplag ved marinebasen i Horten då tyskarane invaderte Norge. Dei gamle kanonane vart skifta ut med nye i 1943. I 1941 bygde tyskarane ut fleire kanonstillingar, fjellanlegg og brakkeleiarar på Nesje og hadde kring 216 offiserar og soldatar stasjonerte der. Folka på garden Nesje måtte flytte, og fekk ikkje kome tilbake før i 1945.

Ein av kanonane som det norske forsvaret overtok etter tyskarane på Nesje fort. Foto: Kystartilleriet, frå boka ”Fronten er kysten!”

Ein av kanonane som det norske forsvaret overtok etter tyskarane på Nesje fort. Foto: Kystartilleriet, frå boka ”Fronten er kysten!”

Farleg våpensmugling ved Nesje

Eit minebelte sperra det meste av innløpet til Sognefjorden. Berre like opp under land ved Nesje-fortet på nordsida var det mogeleg å passere. Passasjen vart strengt vakta frå fortet, men likevel greidde Milorg-folk under leiing av løytnant Ragnar Ulstein (sjå denne – Sogndal kommune) å frakte store mengder våpen frå Solund og inn til gruppa ”Siskin” i indre Sogn den siste krigsvinteren. Dei førte då våpna i små kutterar. Våpenlasta låg løynd i lasterommet under skjelsand, og karane om bord stod klar til å sprengje båten dersom den vart borda av tyskarane.

Slik såg det ut etter eksplosjonen 28. juni 1941. Foto frå boka ”Fronten er kysten!”, utlånt av Kystartilleriet.

Slik såg det ut etter eksplosjonen 28. juni 1941. Foto frå boka ”Fronten er kysten!”, utlånt av Kystartilleriet.

Denne minnesteinen vart sett opp av tyskarane på Nesje etter ulukka i juni 1941. Werner Hohensee var ein av soldatane på Nesje denne dagen, og i 1992 var han tilbake på staden. Foto: O.M. Dyrdal. Frå boka ”Fronten er kysten!”

Denne minnesteinen vart sett opp av tyskarane på Nesje etter ulukka i juni 1941. Werner Hohensee var ein av soldatane på Nesje denne dagen, og i 1992 var han tilbake på staden. Foto: O.M. Dyrdal. Frå boka ”Fronten er kysten!”

Skyteulukka i 1941

I juni 1941 vart minst 13 tyske soldatar drepne ved ei skyteulukke under øving i ein av kanonstillingane på Nesje fort. Soldatane var urøynde. Truleg var ikkje kanonen skikkeleg stengd då den vart avfyrt, og ladninga eksploderte i kanonstillinga. Ei marmorstøtte til minne om dei omkomne står framleis på fortet, men nazisymbola på steinen er fjerna. Ved ei øving i 1943 vart ein tysk soldat drepen då han gjekk inn i eit minefelt. To andre vart skadde.

Norsk kystbatteri

Det norske kystartilleriet tok over Nesje fort i 1945. Dette var det einaste festningsanlegget i Sogn som det norske forsvaret ville bruke etter krigen. Fram til 1951 var det eit fullt oppsett kystbatteri, og frå 1952 låg det under HV 10, Fjordane Heimeverndistrikt. I 1958 vart kanonene fjerna, og sidan har Nesje berre vorte brukt som øvingsleir. Også dette vart det slutt på i 2010.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.10.2010