Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Olav Bøe

Nils Olav Bøe fødd 1958 i Leirvik, busett i Oslo. Musikar, komponist og biletkunstnar.

Nils Olav Bøe fødd 1958 i Leirvik, busett i Oslo. Musikar, komponist og biletkunstnar.

Utdanna som biletkunstnar frå kunstakademia i Bergen og Oslo. Som musikar er Bøe sjølvlært, og han har m.a. komponert verk i elektronisk jazz der hovudelementet er syntheziser, ofte blanda med akustiske instrument.

Som biletkunstnar nyttar han ofte ei blanding av installasjonar, lys og musikk i lokalet. I 1986 nytta han desse virkemidla i ei utstilling på Henie Onstad kunstsenter på Høvikodden.

I 2006 kjøpte Sogn og Fjordane Kunstmuseum installasjonen «Konstruerte landskap» med foto, video og objekt som vart utstilt på Svormuseet i Hornindal. Installasjonen hadde tidlegare vore utstilt i Polen og Tyskland.

Frå ein av installasjonane til Nils Olav Bøe, frå serien ”Simulacrum 2007”.

Frå ein av installasjonane til Nils Olav Bøe, frå serien ”Simulacrum 2007”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2010