Faktaboks

Norvald Tveit
Fødd
22. desember 1927, Leirvik i Hyllestad, Vestland
Død
2. mai 2022

Norvald Tveit var ein norsk forfattar og dramatikar. Han er særleg kjend for sine burleske folkekomediar.

Tveit vart fødd i Leirvik i Hyllestad. Han tok utdanning ved lærarskulen i Bergen og arbeidde som lærar i heimkommunen fram til 1972. I 1960 debuterte han og gjorde braksuksess med En sjel og en skjorte, forteljinga om sambygdingen og bohemen Hans Gjerde sitt eventyrlege liv.

Han nådde vidt ut som dramatikar, med elleve urpremierar på norske scener sidan 1977. Stykket Splint (1977) med omstreifarane som tema høyrer til dei mest spela i nyare norsk dramatikk. Av andre folkekomediar han har skrive, kan nemnast Ungkarsfesten (1998) og Uventa lykke for Anders Lone (2001). Tveit sine figurar har ein frisk replikk og eit til tider grovt språk som han har måtta tole kritikk for. Men innanfor dramasjangeren har Tveit også gripe tak i tyngre emne gjennom ei meir alvorleg vinkling, til dømes kvinnemishandling i kristne heimar (I satans vald, 1986).

Tveit skreiv også biografiar, matbøker og lokalhistorie, og han har skrive for fjernsyn, mellom anna fire episodar i den samtidshistoriske serien Vestavind frå 1994.

Han fekk Ibsenprisen i 1993, Sogn og Fjordane fylke sin kulturpris i 2003 og kongeleg fortenestemedalje i 2007.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg