Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Matiasson Bjørnestad

I dette huset dreiv Ole M. Bjørnestad landhandel fram til 1948, då han bygde nytt ved sjøen. Biletet er teke i 1945 av Henry Bjørnestad. © Fylkesarkivet.

I dette huset dreiv Ole M. Bjørnestad landhandel fram til 1948, då han bygde nytt ved sjøen. Biletet er teke i 1945 av Henry Bjørnestad. © Fylkesarkivet.

Ole Matiasson Bjørnestad hadde først vore i Amerika før han i 1908 starta som landhandlar og urmakar på garden sin i Skifjorden. Seinare flytta han butikken ned til sjøen.

Sonen Henry og seinare sonesonen Haldor Johan Bjørnestad tok over butikkdrifta under firmanamn O.M. Bjørnestad Eftf.

På Bjørnestad hadde også Skico-Plast A/S plastbåtproduksjon frå 1964.

Bjørnestad-butikken ved sjøen i Skifjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjørnestad-butikken ved sjøen i Skifjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011