Hopp til innhold
X
Innhald

Øn kyrkje

Øn kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Øn kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens kyrkje i Sørbøvåg vart bygd i 1958. Arkitekt var Ole Halvorsen og byggmeister Ivar Fleten. Altarkrusifikset og anna inventar i kyrkja er frå byggjeåret eller seinare. I 1940 brann gamlekyrkja frå 1870 ned til grunnen etter eit lynnedslag. Kyrkjesølv og anna utstyr som var teke vare på frå ei kyrkje frå 1640-talet, strauk då med. Kyrkja som brann, stod på Øn, nokre kilometer lengre aust. Men då ein bygde den nye kyrkja opp att like ved kaia i Sørbøvåg, fann ein ingen grunn til å endre namnet på kyrkja. Difor heiter den framleis Øn kyrkje, sjølv om den står eit stykka unna grenda Øn.

Altarskåpet frå ca. 1515 på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Altarskåpet frå ca. 1515 på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Eldre kyrkjer på Øn

Den eldste kyrkja som stod på Øn, er nemnd i 1327. Eit altarskåp frå ca. 1515 er teke vare på i Bergen Muséum. Kyrkja som vart bygd på Øn på 1600–talet er omtala som ei tømmerkyrkje der kyrkjeskipet målte 12 x 9 meter og koret 5 x 5,6 meter. Kyrkja hadde tårn, og vart noko endra innvendes kring 1705. I 1870 vart det bygt ny kyrkje på Øn. Ho var kvitmåla og nokså lik kyrkja på Bø, vert det sagt. Øn-kyrkja brann ned til grunnen på to timar då lynet slo ned i kyrkja på førejulsvinteren i 1940.

Frå 50-årsjubiléet til den gamle Øn kyrkje i 1920. Altartavla i denne kyrkja var måla av Jakob Salbu. Kyrkja brann ned i 1940. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Frå 50-årsjubiléet til den gamle Øn kyrkje i 1920. Altartavla i denne kyrkja var måla av Jakob Salbu. Kyrkja brann ned i 1940. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.12.2010