Hopp til innhold
X
Innhald

Oppdrettskommunen Hyllestad

Oppdrettsanlegg i Bøfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppdrettsanlegg i Bøfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordarmane i Hyllestad låg godt til rette for fiskeoppdrett, og Leif O. Hatlem, Bernt A. Hatlem og Edgar Hatlem var mellom pionèrane då denne nye kystnæringa tok til å vekse tidleg på 1970-talet.

Bernt og Edgar Hatlem bygde kvart sitt oppdrettsanlegg ved Åfjorden, og Leif O. Hatlem hadde anlegget sitt ved Risnesstraumen i Lifjorden. I Espelandsvatnet bygde Alfred Hatlem eit omstridd oppdrettsanlegg som har vore skulda for ureining og rømd oppdrettsfisk.

I 1979 starta Anders Sognnes med fleire oppdretts-og setjefiskanlegg ved Lireid vest for Hyllestad, og midt på 1980-talet starta Harry Porten saman med fleire oppdrettsanlegg i Storakersundet.

Samstundes starta Irene og Roar Bø Sognelaks AS i Rysjedalsvika – eit anlegg som seinare har fått overført fleire konsesjonar og har vakse til eit av dei største i Sogn. Pan Fish-gruppa kontrollerer i 2002 mange av oppdrettsanlegga i Hyllestad.

Les meir: Oppdrett og fiskeri i Hyllestad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011