Hopp til innhold
X
Innhald

Overklassen budde i Hyllestad

Sorenskrivarstova som Lauritz Mikalson Bugge budde i på Sørebø vart riven i 1977. Dette biletet er teke på 1950-talet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Sorenskrivarstova som Lauritz Mikalson Bugge budde i på Sørebø vart riven i 1977. Dette biletet er teke på 1950-talet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Futar og andre embetsfolk slo ofte under seg store jordeigedomar. Dei valde sjølve kva for ein eigedom dei ville busetje seg på innan embetsdistriktet. Slik vart både fut og sorenskrivar buande på gardar i Hyllestad i korte periodar.

Peder Due som var fut i Nordfjord og Sunnfjord, budde på garden Ulvika i Sørbøvåg frå 1598 til 1622. Frå 1723 til 1729 budde birkefuten på Svanøygodset, Hans Janson Rue, på garden Myklebust i Hyllestad. Denne garden vart seinare prestegard.

Lauritz Mikalson Bugge d. 1649 var sorenskrivar i Sunnfjord. Han busette seg i Sørbøvåg 1637-1649, der han eigde gard. Frå tidleg 1700-tal var det ekserserplass på «Utstillingsplassen» ved Bøaelva i Leirvik.

Holck-slekta

Den meste kjende offisersfamilien var Holck-slekta, som kom til Leirvik i 1745, der Ole Isaksen von Holck kjøpte gard. Fleire av Holck-ane var kommandantar for Vestre Ytre Sognske Kompani.

Også andre gardar kring Leirvik vart kjøpte av offiserar som gjorde teneste i kompaniet. Ein av desse var Andreas Adamson Beck, som på 1750-talet eigde «prestegarden» Myklebust og dreiv kro og gjestgiveri der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.10.2010