Hopp til innhold
X
Innhald

Post i Hyllestad

Postbod Magni Tonning deler ut post i Skivenesvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Postbod Magni Tonning deler ut post i Skivenesvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leirvik og Bø

Alt i 1787 vart det oppretta postopneri i Leirvik.

Leirvik i Evenvig

– sjå Leirvik og Bø.

Leervigen i Yte Sogn

– sjå Leirvik og Bø.

Lervig i Sogn

– sjå Leirvik og Bø.

Lervik

– sjå Leirvik og Bø.

Leirvik i Sogn

– sjå Leirvik og Bø.

Postbilar klare til innsats i Leirvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Postbilar klare til innsats i Leirvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jon Handal var landpostbod i mange år. Den første tida gjekk han til fots, seinare køyrde han bil. Her står han klar med postveska ved Handalsvatnet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Jon Handal var landpostbod i mange år. Den første tida gjekk han til fots, seinare køyrde han bil. Her står han klar med postveska ved Handalsvatnet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Hyllestad

fekk postopneri i 1875 med lensmann Ole Schjesvold som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor og i 1977 postkontor C. Kontoret vart lagt ned i 2001 og ein gjekk over til ordninga ”post i butikk”.

Storakersund

fekk postopneri i 1892 med landhandlar Nils N. Pedersen Storaker som første styrar. I 1973 fekk det status som underpostkontor, og kontoret vart lagt ned i 1975.

Lifjorden

fekk postopneri ved Risnesstraumen i 1893 med gardbrukar Arne Hansen Riisnæs som første styrar. Det vart underpostkontor i 1973 og lagt ned og innordna under Hyllestad i 1976.

Skivenes

fekk brevhus i 1903. Det vart lagt ned i 1958 og innordna under Sørbøvåg.

Smilden

fekk brevhus ved dampskipskaia i 1905. Det vart lagt ned i 1928.

Salbu

fekk brevhus i 1908. Det vart lagt ned i 1962 og innordna under Sørbøvåg.

Bjørnestad

i Skifjorden fekk brevhus i 1908. I 1920 vart det omgjort til postopneri med postadresse Skifjord, og med lærar S.E. Risnes som første postopnar. Postopneriet vart lagt ned i 1968.

Skifjord

– sjå Bjørnestad.

Sørbøvåg

fekk truleg postopneri i 1917. Adressa har tidlegare vore Sørebøvåg. Andre detaljar vantar. Kontoret vart lagt ned i 2001 og ein gjekk over til ordninga ”post i butikk”.

Åfjordstranda

fekk brevhus i 1931. Det vart lagt ned i 1962 og innordna under Sørbøvåg.

Skor

i Hyllestad fekk brevhus i 1943. Det vart lagt ned i 1961 og innordna under Leirvik.

Butikken på kaia i Sørbøvåg har post i butikk-ordning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Butikken på kaia i Sørbøvåg har post i butikk-ordning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.11.2011