Hopp til innhold
X
Innhald

Posttenestene i Hyllestad

Leirvik fekk posthus i 1786 på postruta som fylgde Den Trondhjemske Postvei. Frå Lerivik gjekk det sporadiske ekstraruter alt etter kor mykje post som skulle ut.

I 1886 vart posten rodd inn Sognefjorden til Frønningen for korrespondanse med postruta Bergen–Oslo (sjå Posten og Postvegen i Lærdal). Undervegs hadde postbåten stopp i Lavik, Måren (sjå Postrutene langs Sognefjorden), Flesje ved Balestrand. Fire mann rodde den tolv mil lange strekninga.

I 1917 kom det postopneri i Leirvik, på Hyllestad, Lifjorden, Storakersund, Sørbøvåg og Skifjorden.

Nedbygging

Nedbygging

Frå å ha postopneri i mest kvar grend, vart dei siste postkontora i Hyllestad kommune nedlagde på slutten av 1990-talet: Hyllestad og Sørbøvåg i 1998 og Leirvik i 2001. I staden har Posten gått over til ordninga «Post i butikk».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.05.2008