Hopp til innhold
X
Innhald

Presten var fiskar

I dei rike sildeåra på 1950-talet vart jamvel soknepresten i Hyllestad freista til å satse på fiske. Presten Peter Furberg kjøpte gavlbåten «Olaguten», starta notlag i 1952 og bygde nothus på prestegarden.

Det vert fortalt at han prioriterte kastenota framfor konfirmantundervisninga i brislingsesongen!

Då presten fekk nytt kall i 1955, kunngjorde han frå preikestolen i kyrkja at han hadde både båt og bruk til sals. Den uvanlege «lysinga» vekte oppsikt langt ut over Hyllestad prestegjeld!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2008