Hopp til innhold
X
Innhald

Rangele Lassedotter Varlid

Rangele Lassedotter Varlid (1620 - 1707). Bondekone på garden Varlia, der ho i tur og orden vart gift med tre brukarar.

Siste gongen ho gifta seg var med den 57 år gamle Lars Arneson, og då var brura 80 år gamal! – Er dette eldste brura i Sogn og Fjordane? Størst aldersforskjell mellom ektemakar har truleg Johannes Ivarson Kolgrov som kring 1680 gifta seg med Brite Andersdotter: Brudgomen var 20, brura 73 år!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2008