Hopp til innhold
X
Innhald

Sagbruka ved Storakersundet

Storakersund ca. 1930.

Storakersund ca. 1930.

Vestafor det mektige fjellet Lihesten, mest ute ved kystleia, ligg gardane Storaker og Porten ved Storakersundet. Her ute utvikla det seg ein blømande sagbruksindustri. Både i Storaker og Porten vitnar uvanleg store bustadhus om at det budde velstandsfolk på gardane.

Brørne Andreas og Gabriel Storaker bygde i byrjinga av 1900-talet sagbruk, høvleri, snikkarverkstad og trelastlager ved Storakersundet. Firmaet kalla dei A.& G. Storaker I 1916 bygde dei kraftverk.

Her var også post- og damskipsekspedisjon. Brørne henta for det meste tømmeret frå skogane ikring, men i 1927 flytta Andreas til Trøndelag der han hadde kjøpt gard for å sikre tømmer til sagbruket i Storakersundet. Verksemnda var i drift til ut på 1950-talet.

Ein mann frå same slekta, Georg Storaker, flytta til Flekke i Fjaler i 1907 og bygde sag og starta landhandel der.

Også på nabobruka Porten og Sagosen var skogsdrift og sagbruk ei stor inntektskjelde heilt frå 1600-talet. I 1611 er Peder Trulsson registrert som sagmeister i Sagosen. Folket i Porten hadde eiga jekt for frakt av ved til Bergen og Solund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.11.2009