Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdsle i Hyllestad

På same måten som Storakersund var det tidlegare, er Rysjedalsvika blitt eit viktig trafikknutepunkt for båtferdsla. Om sommaren er tre ekspressbåtar innom i løpet av ei kort stund på føremiddagen, og det går ferje til Rutledal på sørsida av Sognefjorden og til Krakhella i Solund. Her ligg bilferja ”Sunnfjord” og ekspressbåten ”Fjordtroll” ved kai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Medan dei indre bygdene i Hyllestad fekk gleda av å verte knytt til eitt av dei første offentlege vegsystema på Vestlandet , postvegane, så er det først i nyare tid at vegsambanda austover langs Sognefjorden og nordover langs kysten kom i stand.

Postvegbrua ved Foss med milestein. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Postvegbrua ved Foss med milestein. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Postvegane

Det norske postvesenet vart organisert med faste postruter frå 1647. Den første postruta mellom Bergen og Trondheim gjekk på 1600-talet frå Bø (Leirvik) ved Bøfjorden, gjennom Lavikdalen til Guddalen (Fjaler kommune) og vidare gjennom Stensetdalen til Sygna i Gaular kommune.

Den Trondhjemske Postvei i Hyllestad

I Hyllestad går postvegen frå Leirvik over Skor til Flekke i Fjaler og skriv seg frå 1786.

Brubygging på vegen til Høydal tidleg på 1920-talet. Heile vegen vart bygd på dugnad av bygdefolket.

Brubygging på vegen til Høydal tidleg på 1920-talet. Heile vegen vart bygd på dugnad av bygdefolket.

Køyrevegar i Hyllestad

Den første køyrevegen (om vi ser bort frå postvegen) i Hyllestad vart bygd i 1881.

Ferdsla på sjøen i Hyllestad

I Hyllestad kommune har Fylkesbaatane hatt 15 stoppestader fram gjennom tida. I moderne tid er Rysjedalsvika blitt ein sentral stad for ekspressbåtrutene.

Ekspressbåten Fjordprins legg til kai i Rysjedalsvika. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ekspressbåten Fjordprins legg til kai i Rysjedalsvika. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dalsfjord og Ytre Sogn Billag

vart skipa av Fylkesbaatane i 1938. Laget hadde bilruter i Lavik, Hyllestad og Fjaler, og gjekk inn i Firda Billag i 1946. Då disponerte det lokale selskapet fem bussar og ein garasje i Dale.

Post i Hyllestad

Det første postkontoret kom i Leirvik i 1787.

Postkassar på Risnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Postkassar på Risnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Telegraf og telefon i Hyllestad

Den såkalla fiskeritelegrafen vart bygd fram til Florø alt i 1861.

Teksttelefonen

vart starta ved Leirvik stasjon i 1986 og gav arbeid til 20 personar. Som ein kompensasjon for nedlegging av manuelle sentralar, fekk Leirvik i 1986 ein av tre slike stasjonar i Norge. I 2006 vart mannskapet halvert fordi det vart mindre etterspurnad etter slike teletenester, og 1. juli 2007 vart tenesta lagd ned.

Teksttelefonen leigde lokale i den gamle Systadbutikken. Nærast sit Kari Dahle, i midten Lene Løvø og bak ho Anja Johansen. Foto Toril I. Nordstrand.

Teksttelefonen leigde lokale i den gamle Systadbutikken. Nærast sit Kari Dahle, i midten Lene Løvø og bak ho Anja Johansen. Foto Toril I. Nordstrand.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 06.10.2010