Hopp til innhold
X
Innhald

Smilden Kalkbrænderi

Smilden Kalkbrænderi. Ukjend fotograf.

Smilden Kalkbrænderi. Ukjend fotograf.

Smilden Kalkbrænderi på Smilla ved Åfjorden vart starta i 1890-åra og var i drift fram til slutten av 2. verdskrig. I 1896 overførte Anders Smilla retten til å utvinne kalkstein i Storevikneset til Torgeir Hellevik.

Hellevik kjøpte i 1899 tre gardar kring kalkfeltet. Kalkbrenneriet framstilte både støypekalk og gjødselkalk. Smilden Kalkbrænderi bygde vegar og utskipingskai, der kalken vart send i tønner m.a. til Bergen. Under andre verdskrigen vart kalktønnene også nytta til å sende kjøt ulovleg til kjenningar i by'n.

Den fallerte skipsreiaren Erik Grant Lea som slo seg ned i Gjølanger på 1920-talet, var ei tid medeigar i Smilden Kalkbrænderi.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2009