Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre Aas

Sverre Aas i kamp mot tyske okkupasjonsstyrkar i Valdres i april 1940, teikna av major Andreas Hauge.

Sverre Aas i kamp mot tyske okkupasjonsstyrkar i Valdres i april 1940, teikna av major Andreas Hauge.

Sverre Aas i kamp mot tyske okkupasjonsstyrkar i Valdres i april 1940, teikna av major Andreas Hauge.

Sverre Aas (1914-2000) fødd i Leirvik, voks opp på Voss, busett i Leirvik og Leikanger. Motstandsmann under 2. verdskrig og fylkesskulesjef.

Deltok som fenrik i dei harde kampane i Valdres i aprildagane 1940, og vart sjølv hardt såra. Arbeidde som lærar i Hernar, Brekke og Leirvik og tok som styrar av Leirvik barneskule opp tanken om å skipe felles ungdomsskule for heile Hyllestad, med skulestad på Salbu. Framlegget vekte hard strid i kommunen.

Tilsett som konsulent hjå skuledirektøren i Sogn og Fjordane i 1962 og var fylkesskulesjef i Sogn og Fjordane 1971-1981. Aas utarbeidde den omfattande planen for utbygging av desentralisert vidaregåande skule, vedteken av fylkestinget i 1972. Den gav så godt som alle kommunar i fylket eit vidaregåande skuletilbod.

Aas hadde framståande tillitsverv i Noregs Mållag og fråhaldsrørsla, og var aktiv i Systrond Sogelag.

Far til Agnar Aas.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.06.2015