Hopp til innhold
X
Innhald

Theodor Bernhoft Osa

Theodor Bernhoft Osa (1904-1986). Fødd i Kristiansand, seinare busett i Bergen og i Hyllestad. Radioreporter, og ein av pionerane i Norsk Rikskringkasting.

Son til kunstmålar Lars Osa og bror til meisterspelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa. Han var den første NRK-reporteren på Vestlandet og ein av dei første som nytta nynorsk i reportasjane.

Osa var nestleiar ved NRK-avdelinga i Bergen fram til 1956. Då han søkte den ledige leiarstillinga, valde NRK-styret bokmålsmannen Frank Meidell Falck i staden. Målfolket protesterte, og saka kom heilt til Stortinget. Theodor Bernhoft Osa sa like etter opp i NRK, og kjøpte i 1958 den einbølte garden Lonebotnen ved Leirvik.

- I Fylkesleksikonet kan du m.a. høyre Bernhoft Osa som reporter ved bygging av Flåmsbana i 1936.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2008