Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Hyllestad

I dette oversynet er berre ulukker med fleire omkomne og ulukker under særskilde omstende tekne med.
Ordna etter årstal:

I dette oversynet er berre ulukker med fleire omkomne og ulukker under særskilde omstende tekne med. Ordna etter årstal:

Flodbylgje ved Ramsgrøvatnet

Kring 1600 la ein skadeflaum dei fleste gardane kring Ramsgrøvatnet aude. Truleg var det ei flodbylgje som øydela gardane etter at ein fjellhammar rasa ut, men det er ikkje kjent kor mange som omkom.

Familietragedie på Åfjorden

I 1716 drukna faren Ole Tomasson Storaker og borna Simen, Ole og Karen frå Storaker og ei jente frå Indre Skorpa då dei kollsiglde på Åfjorden.

Far og son drukna

I 1720 drukna Lars Hatlem og sonen Jørgen ved Ospa i Solund.

Drepen av lyn

I 1812 vart Johannes Gullaksen Lireid slegen ihjel av lyn som slo ned i våningshuset på garden. Seinare vart huset flytta ned frå haugen det stod på.

Tre fiskarar omkom

I 1852 drukna tre menn frå Hyllestad under fiske på Bufjorden.

Barn teke av ras

På slutten av 1800-talet vart eit lite barn drepe av eit steinras som råka stova på ein husmannsplass ved Dalsvatnet. Etter ulukka vart plassen fråflytta.

Familie brann inne

I 1859 omkom Ole Nilsson Solås, kona Dorthe og minstebarnet Rasmus på tre år då stovehuset på garden Solås i Dalsbygda brann.

Kyrkjeeigar drukna

I 1877 kolsigla «Rike-Nils» (han var eigar av Hyllestad-kyrkja) Han og tre andre menn drukna.

Brør brann inne

I 1879 omkom sju år gamle Aksel og den to år gamle broren Nils då stova på garden Myklebust ved Skifjorden brann.

Flyulukka i Lifjellet

i 1936 er den største ulukka i Hyllestad som vi kjenner omfanget av.

Luftambulansen landar ved Havyard Leirvik etter ulukka i 2006.

Luftambulansen landar ved Havyard Leirvik etter ulukka i 2006.

1958

I 1958 omkom tre sysken, to jenter og ein gut, av kolosforgifting ved ein ulmebrann på garden Lonebotn ved Leirvik.

I 2006

miste tre polske arbeidarar livet under arbeid i ein skipstank ved skipsverftet Havyard Leirvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.10.2010