Hopp til innhold
X
Innhald

A. K. Sunde

A. K. Sunde heldt til i dette huset frå 1955 til butikken vart lagd ned i 1987. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A. K. Sunde heldt til i dette huset frå 1955 til butikken vart lagd ned i 1987. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anders Knutson Sunde frå Sunde byrja i 1896 landhandel på Ålhus under firmanamnet A. K. Sunde. Han overtok då ei forretning etter ein tilreisande skreppehandlar som hadde starta handel i eit hus i Hegrenestunet. Denne skreppehandlaren var barnlaus, og han testamenterte eigedomen sin på Ålhus til ”ungdomen i bygda”. Dette var det kjende ungdomshuset Borgja frå ca. 1905. Borgja stod like ved riksvegen og brann ned sommaren 2006.

Anders K. Sunde bygde eige forretningsbygg i 1902. Då han døydde i 1910 dreiv enkja Olina forretninga fram til dei fire døtrene Astrid, Johanne, Anna og Kristina tok over. Johanne vart gift med Samuel Sårheim. Paret sette opp nybygg i 1955 og dreiv butikken fram til sonen Anders Sårheim tok over i 1970. Han la ned butikken i 1987. Butikken hadde i mange år godsekspedisjonen for Firda Billag på Ålhus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2009